Kurs: Tildeling av atkomstpunkt

Atkomstpunkt vart implementert som eit tillegg i matrikkelforskrifta 1. januar 2021. Kartverket Vestland ønsker derfor å invitere alle kommunane til kurs i tildeling av atkomstpunkt. Vi held samme kurs fleire gonger i mai/juni.

-

Kartverket sentralt har tatt ut lister som viser at rundt 5 % av alle vegadresser i Vestland fylke er kandidatar for tildeling av atkomstpunkt. Det er òg bestemt at kommunane må på kurs før listene blir utlevert. På kurset vil vi gå gjennom ein del teori, og i tillegg sjå på kva for vurderingar ein må gjere før ein eventuelt tildeler atkomstpunkt.

Vi held samme kurs på seks stader i fylket:

  • 31. mai: Indre Sogn (kursstad Sogndal)
  • 1. juni: Nordfjord (kursstad Gloppen)
  • 2. juni: Sunnfjord/Ytre Sogn (kursstad Førde)
  • 13. juni: Hardanger/Voss (kursstad Voss)
  • 15. juni: Nordhordland (kursstad Alver)
  • 16. juni: Midthordland (kursstad Bergen)

For kommunar som ikkje har mulighet til å delta  på eit av dei fysiske kursa, vil det bli satt opp eit kurs på Teams før sommaren. Forebels dato er 22. juni, frå klokka 10.00 til 11.30.

Invitasjon til kursa er sent alle matrikkelkontaktane i fylket. Har du ikkje fått invitasjon på e-post, men har lyst til å vere med på kurs? Ta kontakt med Sunniva Berg Trones på adressa under. Vi har plass til maks tre personar frå kvar kommune.

Kontakt

Del