Siste oppdatering

Prosjektstatus for kartlegginga

Kommunar og andre interessentar kan søke om tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming.

Data Ta i bruk oppdaterte datasett

Kartleggingsprosjekta frå 2021 er avslutta. Her kan du sjå korleis du kan få tak i dei oppdaterte datasetta.

Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.

Kartlegging i 2022

Det er Kommunal- og distriktssdepartementet som gjennom Kartverket gir tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.

Framdriftsplan 2022

  • Søknadsfrist  var 22. april 2022
  • Mai: Tilsegn om tilskot
  • Mai/juni: Prosjektavklaring og kurs
  • Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2023: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktssdepartementet

Det er sendt ut eit brev med informasjon om årets prosjektmiddel.

Rettleiingskurs blir organisert fortløpande over heile landet, alternativt som digitalt møte, etter tilsegn av middel.

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit.

Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2021 var det kartlagd:

  • Tettstader i 172 kommunar
  • Friluftsområde i 260 kommunar

I dei første åra av prosjektet vart feltarbeid gjennomført i regi av Kartverket med engasjement av sommarvikarar. Frå 2015 og vidare framover har kartleggingsarbeidet i større grad blitt gjennomført av kommunar og fylkeskommunar.

Del