Teknologi i Marine grunnkart i kystsona
Vi testar ut ny teknologi for datainnsamling. Dette inkluderer ubemanna fartøy i lufta og på sjøen, ulike sensorar som Lidar, ekkolodd og hyperspektralt kamera. Vi delte erfaringar vi har gjort så langt på eit webinar i mars. Sjå opptak av webinaret.
Målet med teknologitestane er å etablere ein metodikk som kan effektivisere kartleggingsarbeidet i grunne sjøområde.
Webinaret blei arrangert 16. mars i regi av Kartverket, Havforskingsinstituttet og Noregs geologiske undersøking.
Opptak av webinar 16. mars 2022
Program:
- Innleiing om djupnekartlegging og utførte aktiviteter ved Helge Welde frå Kartverket
- Korleis kan teknologiane vi har testa brukast til biologisk kartlegging? ved Jonas Thormar, Havforskinginstituttet
- Bruk av AUV* i Mareano-programmet. Korleis kan same teknologi brukast i Marine grunnkart i kystsona? Ved Terje Thorsnes, Noregs geologiske undersøking
- Ubemanna plattformar for kartlegging:
- Dronar med laser (Lidar) og pilotar som styrer dronar i heile verda ved José Luis Gil Yepes frå Nordic Unmanned
- SyriUS (satellitt-data + USV) og bruk av USV** på veldig grunt vatn ved Stephanie Kemna frå Maritime Robotics
- Ubemanna/fjernstyrte USV-konsept ved Tomas Frafjord frå Xocean
- Spørsmål
* AUV (autonomous underwater vehicle) - ubemanna undervassfartøy
**USV (unmanned surface vehicle) - ubemanna overflatefartøy
I pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona kartleggjast tre pilotområde: Stavanger, Giske/Ålesund og Skjervøy/Kvænangen. Målet er å etablere eit nasjonalt program for kartlegging av heile kysten.
Fakta Marine grunnkart i kystsona
Pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstituttet og NGU.
Prosjektet har ei total kostnadsramme på til saman 84,6 millionar kroner over tre år.
Produkt som blir laga frå pilotområda:
- Djupnedata og terrengmodellar
- Botnreflektivitet/ data som skildrar hardheita til havbotn (backscatter)
- Geologiske kart som sedimentkart og landskapskart
- Kart over botnfelling, gravbarheit, ankringsforhold
- Kart over kjemisk miljøtilstand (forureining av tungmetall og organiske miljøgifter)
- Naturtypar i samsvar med naturtypar i Norge
- Sårbare og verdifulle habitat
- Modellar av straum, bølgjer, saltholdigheit og temperatur
E-posten er sendt